Er det bølgjer på fjorden akkurat no? «Lett å finne ut», tenkjer du kanskje. Det er berre å gå ned til sjøen og sjekke. Førestill deg no at du er på Oppdal, omtrent 90 kilometer frå Trondheim, og prøver å sjå bølgjene på Trondheimsfjorden. Då treng du eit veldig godt teleskop!
Slik opplevde eg doktorgradsoppgåva mi, berre at for meg er ikkje bølgjene på sjøen, men i lufta over oss. Desse bølgjene startar i dei nedre delane av atmosfæren og beveger seg oppover. Slik koplar dei saman ulike delar av atmosfæren og fører til sirkulasjonar i atmosfæren rundt heile jorda. Datamodellar for vêr og klima krev ei god forståing av desse bølgjene. Det var grunnen til at eg starta å leite etter dei. Eg fann dei i eit tynt lag omtrent 90 kilometer over jordoverflata, der nordlyset skin og atmosfæren er på sitt kaldaste. I dette spesielle laget er det noko som lyser akkurat utanfor det synlege spektrumet, i infraraudt lys. Det heiter hydroksylnatthimmellyset.
Ved hjelp av Nordic Optical Telescope (på La Palma, Spania), som er på storleik med eit hus, og fire år med forsking på NTNU, kunne eg måle bølgjer kortare enn 5 meter som ikkje har blitt sett før, 90 kilometer over hovuda våre. Men eg stoppa ikkje der. Avhandlinga mi inneheld fire artiklar med ulike forskningsmål. Ved hjelp av datamodellar forska eg på korleis bølgjer som er fleire kilometer lange kan påverke fargen til hydroksylnatthimmellyset på hittil ukjende måtar. Eg klarte å vise korleis bakgrunnsdata frå astronomiske observasjonar med teleskopet kan vere ei rik informasjonskjelde for atmosfæreforskarar. Til slutt brukte eg data frå teleskopet til å måle kvantemekaniske sannsyn og leggje til rette for at framtidige forskarar kan bruke dataa.
Så neste gong du er på eit fjell i nærleiken av Oppdal, finn fram kameraet og zoom inn mot nord, mot Trondheim. Klarer du å sjå bølgjene på fjorden?
Dette blogginnlegget er skrevet av Christoph Franzen, stipendiat ved Institutt for fysikk. Han tilhører forskningsgruppen Atmosfærefysikk (nettsider på engelsk).
Dette blogginnlegget er oversatt til nynorsk av Anna Rekdal